tirsdag 23. november 2010

Tøys og farleg fanteri om uføre

Debatten om framtidas uførepensjon rasar. SV har teke klårt standpunkt mot kutt og står skulder ved skulder med LO. Presset på uførepensjonane er likevel betydeleg, media har referert ulike hårreisande forslag frå Arbeidarpartiet som ville gjort kvardagen mykje vanskelegare for mange som allereie slit med sjukdom. Tidlegare AP-topp Reiulf Steen åtvara klokeleg om at "marknadsliberalismen ser ut til å ha fått fotfeste langt inn i det norske Arbeidarparti." For bak forslaga om å stramme inn og skjere ned i uførepensjonen, ligg det ikkje fakta, men myter og marknadsideologi.

Dei tre viktigaste mytene er at 1) det er ein "eksplosjon" av ungdom som vert uføretrygda 2) vi har ikkje råd til så gode pensjonsordningar i framtida 3) kutt og innstramming i uføretrygda vil gje eit betre arbeidsliv.

Myte 1) er rein løgn. Den samla auken av unge uføre dei siste ti åra er 94 personar. Myte 2) er eit forsøk på å dekke eit politisk val bak liksom-vitskap. Kva for velferdsordningar vi har råd til i framtida er eit spørsmål om kva politikk som vert ført. Det er meiningslaust å hevde at ei folketrygd innført i 1967 før eit einaste oljefelt var i svint, er for dyrt for Noreg i 2010. 3) Det er sjølvsagt enkelt å få vekk talet på uførtrygda ved å fjerne uførepensjonen. Slik kan sjuke og uføre tvingast over på sosialhjelp eller til Kirkens Bymisjon. Å tru at sjuke folk vert friske av å få det verre, er marknadsideologi på sitt mest jævlige. Framtida treng omvendt medisin; trygge økonomiske kår for dei uføre og eit breitt sett med tiltak for å legge arbeidsliv og utdaningsystem til rette for folk med svekka helse.

Uførepensjon er eit adelsmerke ved samfunnet vårt. Dagens ordning er for lite raus, for lite fleksibel og det er for lite midlar sett av til å legge til rette for at dei som er sjuke kan bli friskare.

Tillegg: SV har lagt ut ein del myter og fakta i saka på sine nettsider

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar