tirsdag 24. august 2010

God tur!

John Fredriksen seier han blir sjuk av Noreg og vil stikke frå landet. God tur, John! Ikkje stress med å komme tilbake, ta den tida du treng.

P.S: Om vi skulle snuble til å sosialisere eigedommen din, hyttene dine og formua di, er det berre fordi du er ein kjip kakse som ikkje eig ansvarskjensle for noko anna enn di eiga lommebok. Ingen grunn til å ta det personleg.


mandag 23. august 2010

Respekt for yrkesfag

Denne veka startar SUs skolestartkampanje. Vi krev lovfesta rett til lærlingplass, meir praksis i opplæringa og gratis skole også på yrkesfag. Det er eit spørsmål om respekt.

Berre i Oslo og Akershus er 900 utan tilbod om lærlingplass i år. Alle elevar skal ha lik rett til å fullføre vidaregåande opplæring. Difor krev SU at retten til lærlingplass lovfestast og at det vert gjennomført ein lærlingreform som sikrar at alle som treng det ein lærestad.

Vidaregåande skole skal vere gratis. Det har SU saman med elevrørsla kjempa for i mange år. Difor var det ein stor siger når den raud-grøne regjeringa i 2007 innførte gratis læremiddel i vidaregåande. Men i dag er det altfor mange elevar på yrkesfag som framleis må betale store pengar for utstyr som trengs i undervisninga. Vi meiner at gratis betyr gratis, og vidaregåande utdanning i Noreg skal vere gratis, for alle.

Til sist skal vi også legge vekt på innhaldet i skolen. Høgresida meiner at kunnskap er det samme som akademia, og at alle utfordringar vi møter i framtida må løysast ved å dumpe nye lass med bokleg teori på norske elevar. SU meiner at skolen skal vere for alle, og at undervisninga må gjerast meir praktisk enn i dag. Kunnskap er ikkje det samme som teori.

torsdag 19. august 2010

Katastrofen i Irak

Amerikanske kampstyrkar har forlete Irak. Rett nok står 50 000 okkupasjonssoldatar att. Men det bør vere von om at tilbaketrekninga markerar starten på slutten for USAs krigføring i Irak.

USAs åtak på Irak har ført med seg enorme menneskelege lidingar. Den uavhengige gruppa Iraq Body Count har dokumentert at mellom 97 0000 og 106 000 sivile har mista livet som følgje av krigen. Talet skadde, på heimlause og flyktningar finst det knapt oversikt over.

USA angreip Irak bak eit teppe av løgner. Irak hadde ingen masseøydelegginsvåpen. Landet truga ikkje verdsfreden. Diktatoren Saddam Hussein vart styrta frå flybasar i Saudi-Arabia og med applaussalvar frå Apartheid-Staten Israel. Og det som følgde etter invasjonen var verken sjølvstyre eller framgang; men okkupasjon og vald.

I Noreg var SV åleine på stortinget om å ta avstand frå Bush-administrasjonens krigsplanar og seinare invasjon av Irak. I 2003 røysta alle partia mot SV-forslaget som sa klart nei til USAs krigshissing: " Stortinget ber regjeringen om å bidra i Sikkerhetsrådet til at konflikten med Irak løses med ikke-militære virkemidler, og ber regjeringen gå i mot resolusjonsforslag som kan innebære bruk av militærmakt mot Irak."

I dag er "alle" samde om at krigen i Irak aldri burde blitt starta og at okkupasjonen har skapt eit helvete for vanlege irakarar. Min spådom er at det ikkje tek mange år før den samme vedkjenninga kjem til å omfatte Afghanistan.