tirsdag 30. november 2010

Lotto i straummarknaden


VG melder om nye rekordhøge kraftprisar Men den politiske debatten om straumsituasjonen skrapar så langt berre i overflata, anten det er Siv Jensens mas om nye gasskraftverk eller Jens Stoltenbergs forsikringar om at meir kraft er på veg. Systemet er problemet i energipolitikken.

Tidleg på 1990-talet vart ordninga med fast og lik pris i Noreg avvikla og marknadskreftene fekk inntog i kraftsektoren. Det har ikkje ført til lågare prisar, men til ein gigantisk staum-Lotto heilt ute av kontroll. No er det umuleg for vanlege folk å vite kva rekninga vert for lys og varme frå vinter til vinter.

Dagens Lotto-system, er litt som om ein går i butikken uvitande om kor vidt mjølka kjem til å koste 15 eller 250 kroner frå gang til gang. Noreg treng eit enkelt og forutseibart energisystem. Prisen må vere lik i heile landet, og det må vere muleg å forusjå kva kostnadane vil bli for forbrukarar og bedrifter. Om det betyr at det vert mindre overskot for private selskap som opererar som pris-parasittar er det til å leve med

Det må bli slutt på at Noreg eksporterar vekk enorme kraftmengder om sommaren, samstundes som vi veit at det vert nye prisrekordar kvar vinter. Sjølvsagt er det store pengar å tene for private krafttilbydarar i dagens marknad. Men eg meiner at energiressursane i Noreg først og fremst må brukas til å reise industri og sikre stabile og menneskelege straumprisar for næringsliv og forbrukarar

Kvart år let politikarane som om dei vert overraska av prissjokka på straum, og kvart år er det berre eitt svar dei får seg til å levere; fleire gasskraftverk. Men Noreg treng først og fremst politisk vilje til å styre energisektoren. Marknaden har synt seg ute av stand til å fordele kraftressursane effektivt og langsiktig, det må politikarane snart innsjå.

Ungdom mot retusjert reklame

Sosialistisk Ungdom deltek i ein av haustens viktigaste kampanjar, saman med blandt andre Raud Ungdom, AUF, PRESS - Redd Barna ungdom, og Ungdom og Medier. Denne hausten skal vi slå tilbake mot ein reklameindustri som spelar på folks usikkerhet og skaper sjuke ideal. Sjå videoen for meir informasjon, eller sjekk ut på www.aktivisme.no korleis du kan bidra i kampanjen!

torsdag 25. november 2010

Israelsk suksess i Gaza

Den israelske hæren oppsummerar krigen i Gaza som ein suksess.

- Vi oppnådde det som var målet med krigen, seier ein talsmann for dei væpna styrkane.

Over 1000 sivile palestinarar vart drepne av israelske bomber. Framleis er Gaza verdas største konsentrasjonsleier, der folk lev utan framtidsvon, låst inne og kutta av frå omverda. FN, Amnesty International, Den internasjonale Raude Krossen, til og med Norsk UD, peikar på krigsbrotsverk, blokade og okkupasjon frå den israelske hæren. Israel på si side feirar at dei lukkast bombe dei som allereie leid endå lengre ned i grusen. Alt er ved det vante i Palestina, med andre ord.

tirsdag 23. november 2010

Kald krig i Korea

Den kalde krigen lev vidare langs verdas mest militariserte grensa i verda. Åtaket på den sør-koreanske øya Yeonpyeong er nok eit alvorleg brotsverk frå det nord-koreanske skrekkabinettet, som held fram å mislukka forsøk på å skjule overgrep og despoti bak fridomsretorikk og kommunisme.

Alvoret i Korea er stort, gjengjeldelsåtak og fleire væpna handlingar er det som trengs minst av alt. Koreahalvøya er eit hjørne av verda der det ikkje er spesielt vanskeleg å sjå for seg korleis krigshandlingar kan ende med bruk av kjernevapen. Krisa i Korea eit levande døme på korleis den kalde krigen endå kastar skuggar det er vanskeleg å kome seg unna, og kvifor det framleis er naudsynt å åtvare mot nye rustningskappløp mellom verdas stormakter.


Ny energipolitikk

Varsel om rådyr straumpris er eit sikkert vinterteikn. Neste oppslag vert garantert krav frå høgrepartia om nye gasskraftverk, anten mobile eller stasjonære. Men som trengs for å møte straumkrisa er ikkje nye kraftverk, men ein heilt ny energipolitikk. I dag rår marknadskreftene åleine over fordelinga og bruken av norsk energi. Når maksimal forteneste er det styrande, vert vassmagasina eksportert vekk, sjølv om vi her heime får kraftmangel nestan kvar vinter. Skal spinnville straumprisar i delar av landet vinterstid bli historie, må heile energipolitikken leggast om. Norsk kraft må nyttast til å reise miljøvennleg industri og gje stabile og forutseibare prisar for forbrukarar og næringsliv. Først når det er gjort, kan vi diskutere om marknaden kan nyttast til å eksportere til andre land.

Tøys og farleg fanteri om uføre

Debatten om framtidas uførepensjon rasar. SV har teke klårt standpunkt mot kutt og står skulder ved skulder med LO. Presset på uførepensjonane er likevel betydeleg, media har referert ulike hårreisande forslag frå Arbeidarpartiet som ville gjort kvardagen mykje vanskelegare for mange som allereie slit med sjukdom. Tidlegare AP-topp Reiulf Steen åtvara klokeleg om at "marknadsliberalismen ser ut til å ha fått fotfeste langt inn i det norske Arbeidarparti." For bak forslaga om å stramme inn og skjere ned i uførepensjonen, ligg det ikkje fakta, men myter og marknadsideologi.

Dei tre viktigaste mytene er at 1) det er ein "eksplosjon" av ungdom som vert uføretrygda 2) vi har ikkje råd til så gode pensjonsordningar i framtida 3) kutt og innstramming i uføretrygda vil gje eit betre arbeidsliv.

Myte 1) er rein løgn. Den samla auken av unge uføre dei siste ti åra er 94 personar. Myte 2) er eit forsøk på å dekke eit politisk val bak liksom-vitskap. Kva for velferdsordningar vi har råd til i framtida er eit spørsmål om kva politikk som vert ført. Det er meiningslaust å hevde at ei folketrygd innført i 1967 før eit einaste oljefelt var i svint, er for dyrt for Noreg i 2010. 3) Det er sjølvsagt enkelt å få vekk talet på uførtrygda ved å fjerne uførepensjonen. Slik kan sjuke og uføre tvingast over på sosialhjelp eller til Kirkens Bymisjon. Å tru at sjuke folk vert friske av å få det verre, er marknadsideologi på sitt mest jævlige. Framtida treng omvendt medisin; trygge økonomiske kår for dei uføre og eit breitt sett med tiltak for å legge arbeidsliv og utdaningsystem til rette for folk med svekka helse.

Uførepensjon er eit adelsmerke ved samfunnet vårt. Dagens ordning er for lite raus, for lite fleksibel og det er for lite midlar sett av til å legge til rette for at dei som er sjuke kan bli friskare.

Tillegg: SV har lagt ut ein del myter og fakta i saka på sine nettsider

torsdag 18. november 2010

Uskuldige PST

Overvakningsskandalens frekkaste står PST-sjef Janne Kristiansen for. Ho meiner at PST er uskuldig dømd av slemme SV-arar og media. Det mindre enn eit døgn etter at justisministeren i pinleg detalj gjorde greie for at PST og Oslo-politiet hadde langvarig og brei kjennskap til at USA hadde oppretta ei overvakningseining sett saman av tidlegare politi og PST-folk, og at denne dreiv omfattande overvakning og registrering av norske statsborgarar. Utan at PST kjende noko trong til å informere justisdepartementet. Særleg er valet av ordet uskuldig spenstig. Det er nett det saka handlar om; at PST har tillete at uskuldige, tilfeldig forbipasserande, demonstrantar og aktivistar, har blitt overvaka og registrert av ei framand makt på norsk jord.

Den kalde krigen er over, tida for ei frittgåande overvakningstenste som ser gjennom fingrane med det som passar bør li same skjebne.

onsdag 17. november 2010

Skjerpings, Kvarme

Eg skal ikkje skryte på meg å ha lese Einar Gelius framstilling av sex i Bibelen. Kva teologisk grunnlag Gelius har for påstandane sine, skal også vere usagt. Men avisene les eg, og der trugar Oslo-biskop Kvarme med å seie opp Gelius i kjølvatnet av sexbok-debatten.

At Noregs kyrkjer sjeldan har plagsomt høge dører og vide portar er vel dei fleste samde om. Dette går likevel lengre enn vanleg. Når Bispe-Noreg godtek all muleg middelaldersk-sludder frå konservative prestar kringom heile landet, (referansar til helvetes eldar, dårleg skjuld diskriminering av homofile, motstand mot både kvinnelege prestar og kvinneleg rett til å bestemme over eigen kropp), men får spadar av å høyre Einar Gelius snakke om puling og Bibel i samme resonement, vert det heile berre latterleg. Å be Ole Christian Kvarme om å skjerpe seg, er neppe særleg vits i. Men for sikkerheits skuld: skjerp deg, Kvarme.

mandag 15. november 2010

For eller mot, vanskeleg å seie

Høgre vil gje pappaperm til alle, står det å lese i dei fleste aviser i dag. Overraskande, men utan tvil gledeleg nytt, kan naive og godtruande feministar som meg sjølv tenke.

Men skulle du sett. Litt lengre ned i teksten kjem det til syne ein kattekropp i fullt firsprang ut av sekken. Høgres tilbake-til-femtitalspolitiske talskvinne Linda Hofstad Helleland tilkjennegjer nemleg den detaljen at Høgre "fjerne heile fedrekvota," om partiet berre får makt. Konkret inneber også dagens forslag å fjerne den ekstra pappaveka regjeringa innfører.

Eg må innrømme at den nye linja til landets redaksjonar, der å vere mot vert referert som å vere for, og forslag om å fjerne ei ordning, vert omtala som å "ville gje den til alle," er ein smule forvirrande. Dessutan merkar eg at sveitten pressar seg på; kjem eg til å bli sitert på at eg vil gje "kapitalismen til alle," kvar gang eg slår eit slag for den sosialistiske revolusjon? Vert det "luseløn til fleire" kvar gang EU skal refsast for eit nytt dustedirektiv? Eg vågar ikkje tenke på kva avisene kan finne på å gjengje av tenkelege motiv for SUs krav om feministisk sjølvforsvar mot seksuell trakassering i skolen.

Men så kjem det lettande sukket. Puh! ( det var lettelses sukk) Eg hadde gløymd at landet har ei borgarpresse, og at det berre er høgrefolk som får lov til å krevje likestillinga ut og kvinnene tilbake til kjøkkenbenk og barnestell, utan å bli sitert på anna enn at dei vil ha større fridom til alle.

fredag 12. november 2010

Velferdskutt i Europa

Over heile Europa kuttar høgreregjeringar i velferden. I ly av finanskrisa får mørkeblå politikarar gjennom punktet som alltid står øvst på agendaen; å svekke eller avskaffe rettar og velferdsordningar arbeidarrørsla har kjempa fram. Sist ute er den konservative regjeringa i Storbritannia, som aukar eigenbetalinga i høgre utdanning. Trass valdsame og valdelege protestar verkar den høgreregjeringa fast på at det er vanlege studentar som skal ta rekninga for statsgjeld og økonomisk krise.

Velferdskutta er dobbel dose av feil medisin for Europa. For det første skaper velferdskutta utryggleik og dårlegare levekår for vanlege folk. Urettvisa er åpenbar; dei av oss som aldri har flytta ei krone i børshandel må betale, medan bankane får skattefinansierte redningspakkar. Slikt må ein kalle med rett namn; det er klassepolitikk, for dei rike.

Men velferdskutta vil ikkje berre gjere kvardagen tøffare for mange medan krisa står på, dei vil også bidra til at krisa får varer lengre. Høgrepolitikken er beste oppskrift på fleire år med høg arbeidsløyse, låge investeringar og lite fart i økonomien. Lågare velferd, lønnsfrys og oppseiingar i offentleg sektor, vil i sum bety mindre kjøpekraft og dermed dårlegare omsetjing for bedrifter flest. Konsekvensen av det vert ein ny skru på ein nedgåande spiral; fleire konkursar, fleire oppseiingar, fleire utan arbeid. Slik bidreg marknadsøkonomiens fremste forsvarar til å gjere krisene kapitalismen skaper både lengre og verre.

torsdag 11. november 2010

Nok prat - legg ned pelsdyrnæringa

Pelsdyrnæringa har fått nok sjansar. Det er rett og slett ikkje muleg å drive pelsdyroppdrett på ein måte som er dyretisk forsvarleg. Når ikkje ein gang styreleiaren i Noregs Pelsdyrsavlslag klarer å halde orden i eige hus, bør ingen vente at politikarprat om at "næringa må ta ansvar" vil ha effekt. Eg heiar på SVs Snorre Valen som vil gje oppdrettarane ein omstillingspakke og avvikle heile pelsdyrsavlet i Noreg

Stating the obvious

Eg er ingen jurist og eg meiner heller ingenting om kor vidt den tidelgare høgrepolitikaren Anders Talleraas har brote norsk lov. Men ein ting tek eg sjansen på å slå fast uansett: Når du tener 800 000 er det kanskje litt frekt å be skattebetalarane punge ut pensjon i tillegg?