torsdag 27. januar 2011

Ny revolusjon?

Burde sikkert skrive om Civita og høgreideologane Torbjørn Røe Isaksen og Astrid Meland ( som går under tittelen journalist no om dagen) Det får vente til i morgon. I mellomtida denne artikkelen frå Al Jazeera om opprøret i Egypt.

onsdag 26. januar 2011

mandag 24. januar 2011

Løgner frå dei "twitrande klassane"


Den folkelege revolusjonen i Tunisia kan fort syne seg å vere den viktigaste hendinga i 2011. Både diktatorar i arabiske land, Apartheid-staten Israel og USA merkar presset.

Denne artikkelen Dagbladet attgjev på norsk, er eit glitrande oppgjer med medieskapte myter om revolusjonen. Brendan O'Neill
Journalist og redaktør av Spiked Online syner at bileta i Vesten av at det var "twitterkrigarar" i Europa som avdekka korrupsjonen og despotiet i Ben-Ali regimet, seier meir om sjølvdyrkinga til vestlege humanistar enn den faktiske situasjonen i Tunisia.
Revolusjonen vart sett i gang av arbeiderklasseungdom, kjøpmenn og bønder - og held fram fordi folk i Tunisia merkar kor mykje makt vanlege folk rår over når ein handlar i fellesskap.

Erfaringar frå januar

Ved utgangen av januar er det tid for å konkludere med at vi alle har lært to viktige ting denne månaden.

1. Å gje opphald til Maria Amelie eller andre papirlause flyktningar trugar rettstaten og lagar farleg presedens for framtida.
2. Å vedta det mest omfattande overvakningsdirektivet sidan krigen samsvarar derimot med prinsippa i rettstaten, og sett sjølvsagt ingen farleg standard for kva som er greit å gjere.

Denne runden med livslang læring er sponsa av statsministerens kontor. Takktakk.