torsdag 22. juli 2010

Meir praktisk skule

I går debatterte eg språkopplæringa i grunnskulen med Unge Høgre på NRK P1s Her og Nå. I fire sesongar med skuledebattar har eg høyrt høgresida kvine om valfridom (og ikkje minst at SU ønskjer meir tvang på om lag alle samfunnsområde) Då er det relativt spesielt å no sjå Unge Høgre argumentere for det stikk motsette, mindre valfridom for elevar og meir tvungen teori allereie frå barneskulen av.

(Unge Høgre sette forresten i samme sak ny rekord i valflesk med å seie at norske elevar har "krav på å bli best i verden." Etter fleire kjedelege tap i smågutt-fotballen, 1-37 mot giganten Liabygda er eit illustrerande døme, lurer eg rett og slett om borgarungdommen kan fortelje meg kor eg kan klage, eventuelt hente VM-pokalen eg aldri fekk.)

Attende til saka. Kunnskapsdepartementet prøvar til hausten ut opplæring i 2. framandspråk for barn frå 6 klasse. Det er eit prøveprosjekt eg er for. Barn er mottakeleg for å lære språk, og språkkunnskap er viktig for å klare seg i vaksenlivet.

Derimot er eg ikkje for Unge Høgres gjentekne krav om at endå meir av undervisninga i skolen skal gjerast teoretisk og at endå fleire teoritunge fag skal vere obligatoriske skulen gjennom. Mellom anna 2. framandspråk, som Unge Høgre vil ha inn som ei tvungen utviding av skoledagen.

For Unge Høgre verkar det som at kunnskap er det samme som teori. Det er feil. Folk er ulike, og lærer på ulikt vis. Skulen er allereie meir enn teoritung nok. Noreg har nok elevar som opplever at skulen ikkje er tilpassa deira måte å lære på, og at kunnskap i norsk skule er synonymt med teoretisk læring. Teorioverdosen i skulen er eit samfunnsproblem. Høgresidas kunnskapsideal skaper eit bilete av at det samfunnet treng er fleire akademikarar og BI-økonomar. Det passar inn i Høgresidas samfunnsyn om at verdiar vert til i styrerom og på Oslo Børs. Men det vi treng er fleire handverkarar, helsearbeidarar og teknikarar.

Difor må skulen alt frå første året gje stimulans til alle elevar, uavhengig av kva måte dei lærer best på. Det skjer ikkje gjennom Unge Høgres tomme ord om "meir kunnskap i skolen" (Kva er det eigentleg Unge Høgre trur går føre seg i skulen i dag)

Ein skule som gjev alle like sjansar, er ein skule med endå fleire og endå meir motivert lærarar. Ein skule som samarbeidar med arbeidslivet og lokalsamfunnet kring seg, som blandar teori og praksis i alle fag - også språkopplæringa - og som verdsett all type kunnskap; ikkje berre den teoretiske og boklege. Slike visjonar krev meir en tomme ord, men vilje til å omfordele pengar slik at samfunnets ressursar går dit det er mest bruk for dei. Då snakkar vi verdas beste skule.

1 kommentar:

  1. "Høgresidas kunnskapsideal skaper eit bilete av at det samfunnet treng er fleire akademikarar og BI-økonomar. Det passar inn i Høgresidas samfunnsyn om at verdiar vert til i styrerom og på Oslo Børs. Men det vi treng er fleire handverkarar, helsearbeidarar og teknikarar."

    Det passer vel snarere inn i et syn på at et moderne og avansert samfunn trenger mennesker med høy kompetanse for å ha mulighet til å konkurrere internasjonalt. Det er i dag, og trolig fremover i tid, vanskelig for Norge å kunne stå alene uten den kompetansen. Jeg er enig i at Norge trenger flere helsearbeidere, men en forutsetning for i det hele tatt å kunne opprette slike stillinger er at staten har inntekter. Av en eller annen merkelig grunn finansierer ikke velferdsstaten seg selv. Hadde det vært et høyere utdannelsesnivå blant røde politikere (kanskje innen økonomi) ville de formodentlig være kjent med dette nokså banale utgangspunktet.

    SvarSlett