mandag 5. juli 2010

Kverk monsteret

Arbeidarpartiet og Senterpartiet går inn for å bygge Monsterlinjene gjennom Hardanger. Master på 45 meter i høgda skal reisast gjennom eit av Noregs mest kjende og majestetiske naturområder. Lokalbefolkninga har blitt kjørt over. Alternativa har ikkje ein gang blitt skikkeleg greidd ut.

Det kan verke som om Jens Stoltenberg og Terje Riis-Johansen gjer sport i å sjå vekk frå miljøråd. Sjølv om alternativa finst, vel olje- og energidepartementet å kjøre på med ei gigantisk utbygging midt i Hardanger. Det vil føre med seg store miljøinngrep, som i sin tur kan føre til kroken på døra for lokalt reise- og næringsliv.

Monstervedtaket viser at noko er råte i norsk politikk. Når hardangerfolket blir kjørt over med eit glis, stinkar det av mangel på respekt for vanlege folks synspunkt og opplevingar. Og når det billegaste alternativet vert vald, sjølv om det finst pengar nok til å legge delar av ledninga i sjø, kjem eimen av at kortsiktig forteneste og lønsemd er styrande når viktige avgjerder skal takast.

Men historia syner at slaget endå ikkje er tapt. Det ulmar i motstandsvilje og raslar i lenker. Større monster enn statens kraftmaster har blitt reve over ende før. Eg kjenner det rykkjer i ulydsfoten.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar