Ikkje nok med at rikfolket er for gjerrige til å klippe håret. Overklassen klarer tydelegvis heller ikkje å oppføre seg. Forskarar har dokumentert at dess høgare inntekt bedriftsleiarar får, dess slemmare vert dei. Tåpeleg. Ja. Dette er kapitalismen. Her gjeld verken innsats eller kvalifikasjonar. Alt som trengs for å bli løfta til topps er å finne på innsida av lommeboka.
Dei samme folka som har blitt rike på arbeidet til andre, tek sjølvsagt ikkje fem flate øre for å vere snørrhoven med sine tilsette. Tvert om. Dess meir pengar ein kapitalist tener på arbeid han (for det er som regel ein han) ikkje gjer, dess meir får han lyst til å vere ekkel med dei som faktisk jobbar.

Latterleg. Utan tvil. Men også alvor. Spør berre dei som har blitt arbeidslause etter at lønsame bedrifter har blitt lagt ned av spekulantar høge på eigen aksjekurs.
Tida er inne for at direktørar av den allmektige sorten får beskjed om å pakke saman. Det er ingen grunn til at eit lite mindretal skal bestemme på jobben og over liva til vanlege folk. Det er ingen grunn til at arbeidslivet skal vere ei sone fri for demokrati. Tvert om burde det vere sjølvsagt at dei som skaper verdiane ( og her kan eg avsløre at dei verken vert til på styremøter eller på Oslo Børs) også får bestemme over dei. Slikt kallar vi folkestyre
5 kommentarer: