mandag 5. juli 2010

Veteranane sviktast, igjen

Eg er som regel mot krig. Det hindrar meg ikkje i å bli opprørt over at norske utenlandsveteranar ikkje får lik behandling i erstatningssaker.

Det er i grunnen pinleg at regjeringa gøymer seg bak formalitetar for å hindre at dei soldatane som ikkje vert omfatta av regelendringa - fordi dei tenestegjorde for fleire år sidan - heller ikkje skal få like gode erstatningsordningar, som andre.

Erstatningssaka rører ved ein nerve. Noreg har ingen god tradisjon for å følgje opp dei soldatane som kjem heim frå utenlandsoppdrag. Mange har traumar eller andre helseskader, utan å få skikkeleg oppfølging. At stadig fleire av soldatane som sendast ut før dei er ferdig med utdanning eller har særleg yrkeserfaring, gjer det ekstra vanskeleg for mange å vende attende til det normale livet.

SU vedtok for ei tid sidan at oppfølginga av utenlandssoldatar må bli betre, og at ingen fleire soldatar bør sendast på oppdrag i utlandet før dagens system er gjennomgått og utbetra. Det kravet er ekstra aktuelt i dag.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar