tirsdag 5. oktober 2010

Statsbudsjett

Finans- og cowboyminister Sigbjørn Johnsen (mannen som kan få sjølvaste pensjonsreformen til å framstå triveleg) har lagt fra regjeringas forslag til statsbudsjett. På Sosialistisk Ungdoms nettstad har eg kommentert det grundig, sjå også Sosialistisk Venstrepartis samleside for meir budsjettinfo

Her nøyer eg meg med tre ganske kortere kommentarar:

1. Forslaget til statsbudsjett syner at regjeringa vel velferd og låg arbeidsløyse, framfor store nedskjeringar og kutt. Medan arbeiderklassen i Europa vert råka av harde nedskjeringar i velferden, press på løner og krav om lengre arbeisdag, vert den norske velferdsstaten bygd ut. Det syner at raudgrøn politikk for offentleg styring framfor full fridom for marknaden, ei sterk fagrørsle og vilje til omfordeling av godene framleis er muleg og gjev eit betre samfunn for dei fleste.

2. Statsbudsjettet inneheld fleire viktige sigrar for ungdom. Feministisk sjølvforsvar i skolen, meir pengar til kampen mot fråfall og 1000 nye studentbustadar. Det er veldig viktige saker som SU har kjempa for.

3. Det er likevel tydeleg at regjeringas sjølvpåførte tvangstrøye, skatteløftet, hindrar god nok utviding av fleire velferdstenester og slik omfordeling av godene som er naudsynt for å gjere samfunnet meir rettferdig. For mange elevar vil falle frå i skolen i 2011, for mange gamle vil mange sjukeheimsplass og for mange i Noreg vil frykte storleiken på husleiga. Det er naudsynt med endå meir djerve og radikale grep for å sikre velferdsstaten i framtida.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar