tirsdag 30. november 2010

Lotto i straummarknaden


VG melder om nye rekordhøge kraftprisar Men den politiske debatten om straumsituasjonen skrapar så langt berre i overflata, anten det er Siv Jensens mas om nye gasskraftverk eller Jens Stoltenbergs forsikringar om at meir kraft er på veg. Systemet er problemet i energipolitikken.

Tidleg på 1990-talet vart ordninga med fast og lik pris i Noreg avvikla og marknadskreftene fekk inntog i kraftsektoren. Det har ikkje ført til lågare prisar, men til ein gigantisk staum-Lotto heilt ute av kontroll. No er det umuleg for vanlege folk å vite kva rekninga vert for lys og varme frå vinter til vinter.

Dagens Lotto-system, er litt som om ein går i butikken uvitande om kor vidt mjølka kjem til å koste 15 eller 250 kroner frå gang til gang. Noreg treng eit enkelt og forutseibart energisystem. Prisen må vere lik i heile landet, og det må vere muleg å forusjå kva kostnadane vil bli for forbrukarar og bedrifter. Om det betyr at det vert mindre overskot for private selskap som opererar som pris-parasittar er det til å leve med

Det må bli slutt på at Noreg eksporterar vekk enorme kraftmengder om sommaren, samstundes som vi veit at det vert nye prisrekordar kvar vinter. Sjølvsagt er det store pengar å tene for private krafttilbydarar i dagens marknad. Men eg meiner at energiressursane i Noreg først og fremst må brukas til å reise industri og sikre stabile og menneskelege straumprisar for næringsliv og forbrukarar

Kvart år let politikarane som om dei vert overraska av prissjokka på straum, og kvart år er det berre eitt svar dei får seg til å levere; fleire gasskraftverk. Men Noreg treng først og fremst politisk vilje til å styre energisektoren. Marknaden har synt seg ute av stand til å fordele kraftressursane effektivt og langsiktig, det må politikarane snart innsjå.

Ungdom mot retusjert reklame

Sosialistisk Ungdom deltek i ein av haustens viktigaste kampanjar, saman med blandt andre Raud Ungdom, AUF, PRESS - Redd Barna ungdom, og Ungdom og Medier. Denne hausten skal vi slå tilbake mot ein reklameindustri som spelar på folks usikkerhet og skaper sjuke ideal. Sjå videoen for meir informasjon, eller sjekk ut på www.aktivisme.no korleis du kan bidra i kampanjen!

torsdag 25. november 2010

Israelsk suksess i Gaza

Den israelske hæren oppsummerar krigen i Gaza som ein suksess.

- Vi oppnådde det som var målet med krigen, seier ein talsmann for dei væpna styrkane.

Over 1000 sivile palestinarar vart drepne av israelske bomber. Framleis er Gaza verdas største konsentrasjonsleier, der folk lev utan framtidsvon, låst inne og kutta av frå omverda. FN, Amnesty International, Den internasjonale Raude Krossen, til og med Norsk UD, peikar på krigsbrotsverk, blokade og okkupasjon frå den israelske hæren. Israel på si side feirar at dei lukkast bombe dei som allereie leid endå lengre ned i grusen. Alt er ved det vante i Palestina, med andre ord.

tirsdag 23. november 2010

Kald krig i Korea

Den kalde krigen lev vidare langs verdas mest militariserte grensa i verda. Åtaket på den sør-koreanske øya Yeonpyeong er nok eit alvorleg brotsverk frå det nord-koreanske skrekkabinettet, som held fram å mislukka forsøk på å skjule overgrep og despoti bak fridomsretorikk og kommunisme.

Alvoret i Korea er stort, gjengjeldelsåtak og fleire væpna handlingar er det som trengs minst av alt. Koreahalvøya er eit hjørne av verda der det ikkje er spesielt vanskeleg å sjå for seg korleis krigshandlingar kan ende med bruk av kjernevapen. Krisa i Korea eit levande døme på korleis den kalde krigen endå kastar skuggar det er vanskeleg å kome seg unna, og kvifor det framleis er naudsynt å åtvare mot nye rustningskappløp mellom verdas stormakter.


Ny energipolitikk

Varsel om rådyr straumpris er eit sikkert vinterteikn. Neste oppslag vert garantert krav frå høgrepartia om nye gasskraftverk, anten mobile eller stasjonære. Men som trengs for å møte straumkrisa er ikkje nye kraftverk, men ein heilt ny energipolitikk. I dag rår marknadskreftene åleine over fordelinga og bruken av norsk energi. Når maksimal forteneste er det styrande, vert vassmagasina eksportert vekk, sjølv om vi her heime får kraftmangel nestan kvar vinter. Skal spinnville straumprisar i delar av landet vinterstid bli historie, må heile energipolitikken leggast om. Norsk kraft må nyttast til å reise miljøvennleg industri og gje stabile og forutseibare prisar for forbrukarar og næringsliv. Først når det er gjort, kan vi diskutere om marknaden kan nyttast til å eksportere til andre land.

Tøys og farleg fanteri om uføre

Debatten om framtidas uførepensjon rasar. SV har teke klårt standpunkt mot kutt og står skulder ved skulder med LO. Presset på uførepensjonane er likevel betydeleg, media har referert ulike hårreisande forslag frå Arbeidarpartiet som ville gjort kvardagen mykje vanskelegare for mange som allereie slit med sjukdom. Tidlegare AP-topp Reiulf Steen åtvara klokeleg om at "marknadsliberalismen ser ut til å ha fått fotfeste langt inn i det norske Arbeidarparti." For bak forslaga om å stramme inn og skjere ned i uførepensjonen, ligg det ikkje fakta, men myter og marknadsideologi.

Dei tre viktigaste mytene er at 1) det er ein "eksplosjon" av ungdom som vert uføretrygda 2) vi har ikkje råd til så gode pensjonsordningar i framtida 3) kutt og innstramming i uføretrygda vil gje eit betre arbeidsliv.

Myte 1) er rein løgn. Den samla auken av unge uføre dei siste ti åra er 94 personar. Myte 2) er eit forsøk på å dekke eit politisk val bak liksom-vitskap. Kva for velferdsordningar vi har råd til i framtida er eit spørsmål om kva politikk som vert ført. Det er meiningslaust å hevde at ei folketrygd innført i 1967 før eit einaste oljefelt var i svint, er for dyrt for Noreg i 2010. 3) Det er sjølvsagt enkelt å få vekk talet på uførtrygda ved å fjerne uførepensjonen. Slik kan sjuke og uføre tvingast over på sosialhjelp eller til Kirkens Bymisjon. Å tru at sjuke folk vert friske av å få det verre, er marknadsideologi på sitt mest jævlige. Framtida treng omvendt medisin; trygge økonomiske kår for dei uføre og eit breitt sett med tiltak for å legge arbeidsliv og utdaningsystem til rette for folk med svekka helse.

Uførepensjon er eit adelsmerke ved samfunnet vårt. Dagens ordning er for lite raus, for lite fleksibel og det er for lite midlar sett av til å legge til rette for at dei som er sjuke kan bli friskare.

Tillegg: SV har lagt ut ein del myter og fakta i saka på sine nettsider

torsdag 18. november 2010

Uskuldige PST

Overvakningsskandalens frekkaste står PST-sjef Janne Kristiansen for. Ho meiner at PST er uskuldig dømd av slemme SV-arar og media. Det mindre enn eit døgn etter at justisministeren i pinleg detalj gjorde greie for at PST og Oslo-politiet hadde langvarig og brei kjennskap til at USA hadde oppretta ei overvakningseining sett saman av tidlegare politi og PST-folk, og at denne dreiv omfattande overvakning og registrering av norske statsborgarar. Utan at PST kjende noko trong til å informere justisdepartementet. Særleg er valet av ordet uskuldig spenstig. Det er nett det saka handlar om; at PST har tillete at uskuldige, tilfeldig forbipasserande, demonstrantar og aktivistar, har blitt overvaka og registrert av ei framand makt på norsk jord.

Den kalde krigen er over, tida for ei frittgåande overvakningstenste som ser gjennom fingrane med det som passar bør li same skjebne.