torsdag 22. juli 2010

Meir praktisk skule

I går debatterte eg språkopplæringa i grunnskulen med Unge Høgre på NRK P1s Her og Nå. I fire sesongar med skuledebattar har eg høyrt høgresida kvine om valfridom (og ikkje minst at SU ønskjer meir tvang på om lag alle samfunnsområde) Då er det relativt spesielt å no sjå Unge Høgre argumentere for det stikk motsette, mindre valfridom for elevar og meir tvungen teori allereie frå barneskulen av.

(Unge Høgre sette forresten i samme sak ny rekord i valflesk med å seie at norske elevar har "krav på å bli best i verden." Etter fleire kjedelege tap i smågutt-fotballen, 1-37 mot giganten Liabygda er eit illustrerande døme, lurer eg rett og slett om borgarungdommen kan fortelje meg kor eg kan klage, eventuelt hente VM-pokalen eg aldri fekk.)

Attende til saka. Kunnskapsdepartementet prøvar til hausten ut opplæring i 2. framandspråk for barn frå 6 klasse. Det er eit prøveprosjekt eg er for. Barn er mottakeleg for å lære språk, og språkkunnskap er viktig for å klare seg i vaksenlivet.

Derimot er eg ikkje for Unge Høgres gjentekne krav om at endå meir av undervisninga i skolen skal gjerast teoretisk og at endå fleire teoritunge fag skal vere obligatoriske skulen gjennom. Mellom anna 2. framandspråk, som Unge Høgre vil ha inn som ei tvungen utviding av skoledagen.

For Unge Høgre verkar det som at kunnskap er det samme som teori. Det er feil. Folk er ulike, og lærer på ulikt vis. Skulen er allereie meir enn teoritung nok. Noreg har nok elevar som opplever at skulen ikkje er tilpassa deira måte å lære på, og at kunnskap i norsk skule er synonymt med teoretisk læring. Teorioverdosen i skulen er eit samfunnsproblem. Høgresidas kunnskapsideal skaper eit bilete av at det samfunnet treng er fleire akademikarar og BI-økonomar. Det passar inn i Høgresidas samfunnsyn om at verdiar vert til i styrerom og på Oslo Børs. Men det vi treng er fleire handverkarar, helsearbeidarar og teknikarar.

Difor må skulen alt frå første året gje stimulans til alle elevar, uavhengig av kva måte dei lærer best på. Det skjer ikkje gjennom Unge Høgres tomme ord om "meir kunnskap i skolen" (Kva er det eigentleg Unge Høgre trur går føre seg i skulen i dag)

Ein skule som gjev alle like sjansar, er ein skule med endå fleire og endå meir motivert lærarar. Ein skule som samarbeidar med arbeidslivet og lokalsamfunnet kring seg, som blandar teori og praksis i alle fag - også språkopplæringa - og som verdsett all type kunnskap; ikkje berre den teoretiske og boklege. Slike visjonar krev meir en tomme ord, men vilje til å omfordele pengar slik at samfunnets ressursar går dit det er mest bruk for dei. Då snakkar vi verdas beste skule.

onsdag 21. juli 2010

Lesetips om Afghanistan

Debatten om krigen i Afghanistan har prega store delar av det politiske ordskiftet i sommar. Statsminister Jens Stoltenberg har levert det minst truverdige bidraget til debatten på sin blogg. Mest oppsiktsvekkande og avslørande er det likevel utanriksminister Jonas Gahr Støre som er, når han i Aftenposten vedkjenner at

" å si at vi er i krig....fordrer at du da vet hvem du er i krig med, hvem du har erklært krig mot, og hva du gjør med den du har erklært krig mot, etter folkeretten."

Dei som ønskjer eit meir nyansert og sannferdig bilete på det som skjer i Afghanistan enn det Jens & Jonas teiknar, tilrår eg å lese Kristian Berg Harpviken i forskingsinstituttet PRIO som gjev regjeringa svar på tiltale i innlegget" verden er ikke tryggere" eller Arne Strand i Chr. Michelsens Institutt sin kronikk " tid for linjeskifte" Også r
ådgjevar ved Norsk Utanrikspolitisk Institutt, Helge Lurås skriv klokt om Afghanistan i Dagbladet i dag.


fredag 16. juli 2010

Olavs mobilguide


VG kan i dag melde at Framstegspartiets Mette Hanekamaug sine private MMSar er på avvege. Ein ekte sommarkrim er i gang på Stortinget. Landets parlamentarikarar gjer sjølvsagt ein knallhard jobb for lite lønn, og kan vel ikkje ventast å ha full kontroll på slike detaljar som korleis ein mobiltelefon fungerar. Difor har eg - som eit audmjukt bidrag til velstand hos FrP - laga ein liten mobilguide til Kongerikets parlamentarikarar.

torsdag 15. juli 2010

Finanskrisa i tekst og bilete

Sjekk ut denne videoen. Den amerikanske marxisten David Harvey forklarar finanskrisa til illustrasjonar frå RSA Animate.


Frå den brunaste permen i Bondepartiets arkiv

Senterpartiets Ola Borten Moe syner i Aftenposten forståing for at menneske vert forfølgd på grunn av si religiøse overtyding. Borten Moes ord og omtanke varmar sikkert hjå torturistar i tryggleikstenestene til Saudi Arabia, Jordan og Israel. For alle oss andre markerar dei eit til no botnpunkt i debatten om norsk asylpolitikk. Men så har vel Borten Moes Senterparti eit rikhaldig arkiv der ein kan la seg inspirere til utspel i ulike nyansar av fargen brunt.

tirsdag 13. juli 2010

Støre ut, Paul inn

Etter Jonas Gahr Støres pinlege analyse av europeisk fotball, er det grunn til å spørre om utanriksministeren i det heile følgjer med på det som skjer i andre land.

Ein som derimot definitivt har innsikt i det som skjer kring seg er blekkspruten Paul. Sidan det å følgje med på utanriksfeltet verkar å vere ein sentreal del av utanriksstatrådens arbeidsinnstruks, stiller eg spørsmålet: Er det ikkje på tide at regjeringa tenkjer nytt? Kanskje kan eit mangearma sjarmtroll som held seg i det våte, gjere like stor nytte for Noregs sak som ein dresskledd herre frå Oslo vest?

Blekkspruten Paul verkar som ei jordnær og grei skapning, som berre treng eit par skjell i ny og ne for å halde motet oppe. Eg vonar at Paul òg er ein fredsæl kar som gjerne hentar troppane ut av Afghanistan og held Noreg unna EU (og dermed seg sjølv unna alle dei som vil koke eller steike blekksprut etter kjedelege nedarlag i verdsmeiesterskapet) Dessutan trur eg neppe Paul gidd bli med på nye USA-leia eventyr som har lengre operasjonsradius enn Pauls eige akvarium. Det held for meg. Støre ut, Paul inn.

P.S Paul: Som takk for dette støtteinnlegget tek eg gjerne mot Lotto-rekkja for neste helg. På førehand takk.

onsdag 7. juli 2010

Brutal asylpolitikk

Vald og brannstifting på to ventemottak for asylsøkjarar har prega nyhendebiletet i dag. Det er lett å ta avstand frå hærverk og trugsmål. Men flammane på Lier ventemottak er først og fremst eit naudsignal frå desperate menneske.

Norsk asylpolitikk er brutal. Og norsk asyldebatt er direkte umenneskeleg. Men harde ord og hatefull retorikk kjem ikkje til å stogge straumen av menneske på flukt frå krig og forfølging. Som eg sa til Nettavisen i dag vil utfalla frå Framstegspartiet og den overflatiske jarn-praten til justisministeren, berre bidra til å ytterlegare forjævlifisere den norske asyldebatten.

Det er vonlaust at dei samme norske politikarane som skrik høgast om å stramme inn i asylpolitikken, ikkje ønskjer å gjere noko med årsakane til at folk flyktar frå sine heimar. Blandt FrP og Høgres representantar er støtten for til dømes okkupasjonskrig i Afghanistan, apartheid i Israel og auka CO2-utslepp for stigande hav og varmare klima stor.

Asylpolitikken må endrast. Det må bli slutt på at menneske vert sendt attende til krig og forfølging. Eit minstekrav må vere at Noreg aldri sender flyktningar attende til sine heimland i strid med FNs råd. Asylsøkjarar som kjem til Noreg må langt tidlegare bli inkluderet i Noreg på meiningsfult vis medan søknadane deira vert handsama. Dei som for sine søknadar avslått utan at det er praktisk mulig å returnere dei, kan ikkje stuast vekk på ventemottak i årrekkjer, men bør få tilbod om arbeid og utdanning i Noreg.