fredag 3. desember 2010

Ap er objektive og grisar flyg

Tidlegare forsvarsminister Anne Grete Strøm Erichsen meiner at Arbeidarpartiet alltid er objektive når det gjeld USA. Greit. Dersom AP i same slengen kan gje meg ein flygande gris til jul, vert eg glad

Industriministarar var betre før i tida

Tidlegare industriminister Finn Lied kjem med vinterens mest subtile hint om at AP snart må slutte å vere religiøse marknadsentusiastar i energipolitikken.

– Under krigen så fant ikke selv Quisling å bruke markedet i forbindelse med nødvendighetsartikler hvor det var underskudd. Det gjaldt melk, smør og kraft, sier 94-åringen.

Auda, Jens

torsdag 2. desember 2010

Gladsak

Dagens gladsak kjem etter nok ei Wikileaks-avsløring; USAs ambassadør i Sverige ser på den raud-grøne regjerinag som eit trugsmål mot NATO. Dette er ei sånn sak som er litt sann og litt latterleg på ein gang. Litt sann fordi den raud-grøne regjeringa har betydd eit utanrikspolitisk skifte, best markert når Noreg henta våre soldatar heim frå Irak. Litt latterleg fordi den blinde USA-lojaliteten endå ligg i tjukke og gode lag hjå leiinga i det Norske Arbeidarpart, som mellom anna syt for at Noreg førebels opprettheld innsatsen i den vonlause krigen i Afghanistan.

Om denne "avsløringa" er uttrykk for noko, er det først og fremst ei grunnleggande endring i i folkevilja i Noreg - og mange andre land. Den brutale og ulovlege invasjonen av Irak, og den vedvarande katastrofa i Afghansitan, har svekka truverdet og oppslutnaden om USAs utanrikspolitikk blandt folk flest. Det er like greit.

tirsdag 30. november 2010

Lotto i straummarknaden


VG melder om nye rekordhøge kraftprisar Men den politiske debatten om straumsituasjonen skrapar så langt berre i overflata, anten det er Siv Jensens mas om nye gasskraftverk eller Jens Stoltenbergs forsikringar om at meir kraft er på veg. Systemet er problemet i energipolitikken.

Tidleg på 1990-talet vart ordninga med fast og lik pris i Noreg avvikla og marknadskreftene fekk inntog i kraftsektoren. Det har ikkje ført til lågare prisar, men til ein gigantisk staum-Lotto heilt ute av kontroll. No er det umuleg for vanlege folk å vite kva rekninga vert for lys og varme frå vinter til vinter.

Dagens Lotto-system, er litt som om ein går i butikken uvitande om kor vidt mjølka kjem til å koste 15 eller 250 kroner frå gang til gang. Noreg treng eit enkelt og forutseibart energisystem. Prisen må vere lik i heile landet, og det må vere muleg å forusjå kva kostnadane vil bli for forbrukarar og bedrifter. Om det betyr at det vert mindre overskot for private selskap som opererar som pris-parasittar er det til å leve med

Det må bli slutt på at Noreg eksporterar vekk enorme kraftmengder om sommaren, samstundes som vi veit at det vert nye prisrekordar kvar vinter. Sjølvsagt er det store pengar å tene for private krafttilbydarar i dagens marknad. Men eg meiner at energiressursane i Noreg først og fremst må brukas til å reise industri og sikre stabile og menneskelege straumprisar for næringsliv og forbrukarar

Kvart år let politikarane som om dei vert overraska av prissjokka på straum, og kvart år er det berre eitt svar dei får seg til å levere; fleire gasskraftverk. Men Noreg treng først og fremst politisk vilje til å styre energisektoren. Marknaden har synt seg ute av stand til å fordele kraftressursane effektivt og langsiktig, det må politikarane snart innsjå.

Ungdom mot retusjert reklame

Sosialistisk Ungdom deltek i ein av haustens viktigaste kampanjar, saman med blandt andre Raud Ungdom, AUF, PRESS - Redd Barna ungdom, og Ungdom og Medier. Denne hausten skal vi slå tilbake mot ein reklameindustri som spelar på folks usikkerhet og skaper sjuke ideal. Sjå videoen for meir informasjon, eller sjekk ut på www.aktivisme.no korleis du kan bidra i kampanjen!

torsdag 25. november 2010

Israelsk suksess i Gaza

Den israelske hæren oppsummerar krigen i Gaza som ein suksess.

- Vi oppnådde det som var målet med krigen, seier ein talsmann for dei væpna styrkane.

Over 1000 sivile palestinarar vart drepne av israelske bomber. Framleis er Gaza verdas største konsentrasjonsleier, der folk lev utan framtidsvon, låst inne og kutta av frå omverda. FN, Amnesty International, Den internasjonale Raude Krossen, til og med Norsk UD, peikar på krigsbrotsverk, blokade og okkupasjon frå den israelske hæren. Israel på si side feirar at dei lukkast bombe dei som allereie leid endå lengre ned i grusen. Alt er ved det vante i Palestina, med andre ord.

tirsdag 23. november 2010

Kald krig i Korea

Den kalde krigen lev vidare langs verdas mest militariserte grensa i verda. Åtaket på den sør-koreanske øya Yeonpyeong er nok eit alvorleg brotsverk frå det nord-koreanske skrekkabinettet, som held fram å mislukka forsøk på å skjule overgrep og despoti bak fridomsretorikk og kommunisme.

Alvoret i Korea er stort, gjengjeldelsåtak og fleire væpna handlingar er det som trengs minst av alt. Koreahalvøya er eit hjørne av verda der det ikkje er spesielt vanskeleg å sjå for seg korleis krigshandlingar kan ende med bruk av kjernevapen. Krisa i Korea eit levande døme på korleis den kalde krigen endå kastar skuggar det er vanskeleg å kome seg unna, og kvifor det framleis er naudsynt å åtvare mot nye rustningskappløp mellom verdas stormakter.