Regjeringa gjev pengar i statsbudsjettet til feministisk sjølforsvar i skolen. Det er eit konkret og viktig tiltak for å få auka merksemd om vald mot kvinner og seksuell trakassering allereie i skolen, og ein viktig siger for SU.
Høgre har sjølvsagt fått hetta av tanken på at skolen skal drive med noko anna enn tavleundervising av algebra. Linda Hofstad Helleland frå pengepartiet har " sympati for tanken om at jenter må lære seg teknikker for selvforsvar, men samtidig er det et problem i norsk skole at vi ikke klarer å fokusere nok på basisfag, som matte norsk og engelsk."
Med andre ord, seksuell trakassering er heilt ok, så lenge offeret er flink i matte.
tirsdag 5. oktober 2010
mandag 4. oktober 2010
KrFs nye leiar?

Kristeleg Folkeparti leitar for tida etter ny partileiar. Å finne nokon som kan fylle skoa etter den liberale og populære Dagfinn Høybråten vert sikkert krevjande. Sidan KrF alltid har stått på sida til nestekjærleiken og kjempa for dei som står svakt, er det vel berre rett og rimeleg at vi andre gjev KrF støtte og hjelp no som dei har passert sperregrensa på tur nedover. Difor tilbyr eg, audmjukt, å hjelpe KrF i jakta på ny partisjef.
Ein leiar i eit lite og religiøst forankra parti må vere karismatisk, engasjerande, og brenne intenst for partiets hjartesaker. I KrF er kjennskap og lojalitet til dei heilage skriftene eit sjølvsagt krav, omfanget av dette kravet let seg kompensere med litt lausare føringar når det gjeld å halde seg til den såkalla "verkelegheita." Med dette som rettesnor har eg tråla verdsveven, og den som søkjer skal som skrifta seier finne. Eg måtte rett nok ut av landet før eg fann ein kandidat som var rette mannen, men sidan KrF frå før ser ut til å ha eit omtrentleg forhold til landegrenser, reknar eg med at det går greit.
Mine herrar (og dei damene som fekk lov til å sitje stille og lytte i forsamlinga) eg presenterar herved KrFs nye superhelt. Ein mann som verken let seg målbinde av liberale journalistar, agressive ateistar, vitskapsmenn, statistikk eller nokon som helst form for fakta, Gode KrF, eg ber dykk ta i mot mitt venlege og velmeinte forslag til ny partileiar:
Scott Lively
Scott kven? seier kanskje du. Lat meg forklare.
Scott Lively er amerikanar. Og prest. Han er ikkje berre ein livleg og dyktig kommunikator, han har og drive omfattande forskning på fleire felt som ligg KrF nære. Homofile, altså. Der konvensjonelle og defensive kristenfolk går tom for argument i møte med den liberale fundamentalismen, har Lively alltid nye på lager. For eksempel at Hitler og absolutt alle nazistar var homsar ( forfølginga av homofile i Nazi-Tyskland var sjølvsagt berre ein avledningsmanøver)
Lively er langt frå berre ein folkekjær talsmann, han er og ein durkdreven realpolitikar som kan syne til politisk gjennomslag på fleire viktige felt Til dømes dreiv han vellukka kampanjeverksemd i Uganda - der han m.a. påviste at den internajsonale homorøsla truga landet med atomvåpen.Jammen slo ikkje folket i Uganda ring om familien. Frå og med no er homofili ei kriminell "handling" som kan straffast med døden.
Scott har også god medieerfaring, han klarte seg mellom anna som de kanskje såg tidlegare i bloggposten heilt glitrande i dette intervjuet i The Daily Show.
Fleire har teke til orde for samling om eit tydeleg KrF, med ein klår kristen profil. Eg er viss på at det er få som vil klare oppgåva med å tydeleggjere den kristne bodskapen, og skilje KrF ut frå dei andre partia, på ein betre måte enn min kandidat.
P.S: Om valnemnda synes det er vanskeleg å ringe ein så annerkjend og høgståande person som hr. Lively, kan eg godt kontakte han for dykk. Det er berre å seie frå. Eg reknar med positiv attendemelding.
onsdag 15. september 2010
Hva mener Høyre?
Saman med SVs Gina Barstad og Snorre Valen utfordrar eg i ein kronikk i dagens VG høgres unge ideologar Torbjørn Røe Isaksen, Ine Marie Søreide Eriksen og Nicolai Astrup som for få år sidan skraut av at dei ville legge ned velferdsstaten og knuse fagrørsla i Noreg. Høgre må anten slutte å foreslå velferdskutt, eller slutte å snakke om velferd. Kronikken kan du lese i papiravisa eller her på nett.
Skolekampanje
SUs skolestartkampanje er inne i siste veke. Då vert det forhåpentlegvis tettare mellom blogg-oppdateringane. Så langt har SUs medlemtal auka med tett opp til 500 nye medlemmar og det har blitt starta nye lokallag over heile landet. Det vitnar om at vi er mange som krev ein skole for alle, med meir praktisk læring, lovfesta rett til lærlingplass og gratis utstyr for alle elevar.
tirsdag 24. august 2010
God tur!
John Fredriksen seier han blir sjuk av Noreg og vil stikke frå landet. God tur, John! Ikkje stress med å komme tilbake, ta den tida du treng.
P.S: Om vi skulle snuble til å sosialisere eigedommen din, hyttene dine og formua di, er det berre fordi du er ein kjip kakse som ikkje eig ansvarskjensle for noko anna enn di eiga lommebok. Ingen grunn til å ta det personleg.
mandag 23. august 2010
Respekt for yrkesfag
Denne veka startar SUs skolestartkampanje. Vi krev lovfesta rett til lærlingplass, meir praksis i opplæringa og gratis skole også på yrkesfag. Det er eit spørsmål om respekt.Berre i Oslo og Akershus er 900 utan tilbod om lærlingplass i år. Alle elevar skal ha lik rett til å fullføre vidaregåande opplæring. Difor krev SU at retten til lærlingplass lovfestast og at det vert gjennomført ein lærlingreform som sikrar at alle som treng det ein lærestad.
Vidaregåande skole skal vere gratis. Det har SU saman med elevrørsla kjempa for i mange år. Difor var det ein stor siger når den raud-grøne regjeringa i 2007 innførte gratis læremiddel i vidaregåande. Men i dag er det altfor mange elevar på yrkesfag som framleis må betale store pengar for utstyr som trengs i undervisninga. Vi meiner at gratis betyr gratis, og vidaregåande utdanning i Noreg skal vere gratis, for alle.
Til sist skal vi også legge vekt på innhaldet i skolen. Høgresida meiner at kunnskap er det samme som akademia, og at alle utfordringar vi møter i framtida må løysast ved å dumpe nye lass med bokleg teori på norske elevar. SU meiner at skolen skal vere for alle, og at undervisninga må gjerast meir praktisk enn i dag. Kunnskap er ikkje det samme som teori.
torsdag 19. august 2010
Katastrofen i Irak
Amerikanske kampstyrkar har forlete Irak. Rett nok står 50 000 okkupasjonssoldatar att. Men det bør vere von om at tilbaketrekninga markerar starten på slutten for USAs krigføring i Irak. USAs åtak på Irak har ført med seg enorme menneskelege lidingar. Den uavhengige gruppa Iraq Body Count har dokumentert at mellom 97 0000 og 106 000 sivile har mista livet som følgje av krigen. Talet skadde, på heimlause og flyktningar finst det knapt oversikt over.
USA angreip Irak bak eit teppe av løgner. Irak hadde ingen masseøydelegginsvåpen. Landet truga ikkje verdsfreden. Diktatoren Saddam Hussein vart styrta frå flybasar i Saudi-Arabia og med applaussalvar frå Apartheid-Staten Israel. Og det som følgde etter invasjonen var verken sjølvstyre eller framgang; men okkupasjon og vald.
I Noreg var SV åleine på stortinget om å ta avstand frå Bush-administrasjonens krigsplanar og seinare invasjon av Irak. I 2003 røysta alle partia mot SV-forslaget som sa klart nei til USAs krigshissing: " Stortinget ber regjeringen om å bidra i Sikkerhetsrådet til at konflikten med Irak løses med ikke-militære virkemidler, og ber regjeringen gå i mot resolusjonsforslag som kan innebære bruk av militærmakt mot Irak."
I dag er "alle" samde om at krigen i Irak aldri burde blitt starta og at okkupasjonen har skapt eit helvete for vanlege irakarar. Min spådom er at det ikkje tek mange år før den samme vedkjenninga kjem til å omfatte Afghanistan.
Abonner på:
Innlegg (Atom)